null

VELKOMMEN TIL OPUS AS.

Opus AS vart stifta 2. Juni 1987 og hadde offisiell opning 19. September same år på Øyrane, rett ved den gamle flyplassen som enno var i drift. Føremålet den gongen var å ivareta Opel-agenturet i storparten av Sogn og Fjordane. Modellane då var Corsa, Kadett, Ascona, Manta, Omega og Senator.

I juni 1995 flytta selskapet frå Øyrane til moderne lokale på Halbrendsøyra. Opus AS leverer bilar til fornøgde kundar i heile Sogn og Fjordane. Også utanfor fylket. Hjå oss gjer du ein god og hyggeleg handel på den bilen som passar best for deg. Vi har også utdanna fagteknikarar og er glade for å kunne tilby årleg fullverdig orginalservice på din Opel, Suzuki eller Isuzu. Dersom du treng leigebil medan du utfører service, vil vi også hjelpe deg med dette.

I september 1999 gjekk vi i samarbeid med Biltreff og Sunnfjord Auto og stifta eit nytt, moderne skade/lakkverstad, Bilskadesenteret AS, som i dag har 14 tilsette. Her eigde Opus 30% frå starten av.

Frå 1. juni 2010 fekk vi ny dagleg leiar, Odd Arild Dale. Han er ein ekte bilmann og 5-barns pappa med 30år fartstid i bilbransjen.

Opus AS er i dag 100% eigd av fire lokale Sunnfjordingar, som ynskjer å halde eigarskapen på lokale hender, samt å bevare ein god arbeidsplass i trivselsfylket Sogn og Fjordane.

Firmaet vårt har hatt ei jamn og god auke i omsetjing dei siste åra og vi jobbar heile tida for å hjelpe kundane våre på ein best mogeleg måte.

Vi er i dag 18 fast tilsette.

Velkommen inn til oss.

Kontakt oss

Opus AS
Besøksadresse: Steinavegen 10, 6800 Førde
(Postboks 455)
6803 Førde

Telefon: 57 82 99 00
Faks: 57 82 99 01
null
Denne hjemmeside benytter cookies for å
forbedre brukeropplevelsen. Les mer om
cookies
.